Innsjekk

No nærmar det seg Lerum Cup 2019. Det heile startar med innsjekk i Sognahallen på fredag frå 18:00 til 23:00. Her vil de få utdelt cupposar til laget ditt. I desse finn de Deltakarkort (A/B/F), T-skjorter, Stao no pao-magasinet, informasjon om underhaldning- og  restauranttilbod, Lerumsaft og anna. 

Matkort

Under innsjekken kan laget eller enkeltpersonar kjøpe seg matkort for helga. Ein kan kjøpe kort for heile helga eller for enkeltmåltid.

Prisar:
Vaksen 200,-
Frukost 100,-

Parkering

Når de kjem til Sogndal for innsjekk er det fleire parkeringsplassar de kan nytte. Ingafossen og parkeringskjellaren på Fosshaugane Campus er i umiddelbar nærheit til Sognahallen. I tillegg finn du eit parkeringshus under studenboligane på andre sida av elva frå hallen, og nokre parkeringsplassar mellom Sogndal VGS og svømmebassenget. (Sjå kart)

Kart Fosshaugane Campus Sogndal 2018.png
Forrige
Forrige

Last ned Lerum Cup Appen

Neste
Neste

Lurt å pakke med seg på cup