Når er Lerum Cup?
Kampane på Lerum Cup 2025 startar laurdag 21. juni kl. 08:00 og vert avslutta måndag 23. juni på ettermiddag/kveld.  
Innsjekk av laga som skal overnatte på skule vil vere fredag 20. juni frå kl. 18:00. 

Når er siste frist for påmelding lag?
Påmeldingsfrist er 18. mai 2025

Når er frist for innmelding av deltakarkort?
Frist for innmelding av deltakarkort er 18. mai 2025.
Det er først når me veit kva deltakarkort dei ulike laga skal ha, me kan starte med overnattingskabalen. 

Når får lag vite kva skule ein skal bu på?
Lag som bestiller A-kort og F-Kort blir tildelt overnatting på skule når alle lag har bestillt deltakarkort.
Lag frå same klubb blir i utgangspunktet fordelt på same skule. 
I 2025 nyttar me skular i Sogndal, Kaupanger, Gaupne og Hafslo.

Når kjem kampoppsettet?
Kampoppsettet blir publisert her på heimesida så snart det er klart (tidleg juni 2025).

Spelreglement
Det er viktig at lagleiar og trenarar set seg inn i Lerum cup sitt spelereglement 2025 før påmelding. 

Parkering
Det vil være parkeringsavgift i Sogndal fredag kl 08.00-17.00 og laurdag 09.00-15.00.
Me oppnår alle til å vise hensyn og parkere slik at utryknings-køyretøy kjem fram.
Bilar som står på uoppmerka plassar kan/vil bli bøtelagde.
Benytt parkeringshusa som har stor kapasitet.

PREMIERING 
Verdikort til alle lag får dykk utlevert ved sekreteriatet ved innsjekk i Sognahallen.
Gull, sølv og bronse til lag i sluttspel, for desse vil det bli seremoni på arenaen der laga avsluttar turneringa.

HELSE
Røde Kors er tilgjengeleg på alle arenaer så lenge det blir spelt kampar.
Cuplege vil være tilgjengeleg under heile Lerum Cup

PROFIXIO: FINN LAGET DITT SINE KAMPAR MED DENNE APPEN
Last ned Profixio-app i Appstore for å finne laget ditt sine kampar.
PS: Dette er den einaste Appen du treng.

INNSJEKK:
Fredag 20. juni frå kl 18.00 i Sognahallen.
Utdeling av posar til lag som inneheld: Deltakarbånd, t-skjorter etc..

Innsjekk etter kl 22.00 vil være v/Flostova der ein finn turnerings-sekreteriatet gjennom helga. Flostova ligg inne på langsida til vår stadion, Fosshaugane Campus.

Ynskjer at alle, så langt det let seg gjere, sjekkar inn fredag.
Seinast mogleg innsjekk er etter laget sin første kamp laurdag.
Me oppmodar til å rekne god tid og ta omsyn til vegarbeid og trafikk


Informasjon om deltakarkort: 
For å delta på Lerum Cup må alle spelarar ha synleg deltakararmbånd, dette får ein utdelt ved innsjekk

A-kort: Overnatting på skule - deltaking - busstransport - alle måltider - t-skjorte - verdikort - diskotek
B-kort: Deltaking - Busstransport - t-skjorte - verdikort - diskotek
C-kort: Deltaking - deltakarmedalje - t-skjorte (C-kortet gjeld kun for dei yngste klassane 6-9 år)
C1-kort: For deltakarar 6-9 år som treng overnatting - deltaking - deltakarmedalje - t-skjorte (C1-kortet gjeld kun for dei yngste klassane 6-9 år)

F-kort: Gjeld for trenarar, leiarar og foreldre som skal overnatte på skule med laga. Kortet inneheld overnatting og alle måltider. Lag med overnatting på skule må ha med minimum 1 vaksen og maksimum 5 som søv med laget (desse treng F-kort


Kor blir kampane spelt?
Banene for 7ar fotball er på omlag 40 x 60 meter og ligg i Sogndal, Hafslo og Kaupanger.
9ar fotball  for 13/14 år er omlag 67x53 meter, med 7 ar mål, banene ligg i Sogndal, Kaupanger, Hafslo og Gaupne.

9ar fotball  for 12 år vert er på omlag 67x53 meter, med 7 ar mål, banene ligg i Sogndal, Kaupanger, Hafslo og Gaupne.

Kampane blir spelt både på naturgras og kunstgras.

All transport til og frå banene og skulane brukt til overnatting, er gratis for alle deltakarar og går etter eigen ruteplan.

Avstandar mellom dei ulike banene?
Dette finn du i fana Cupinfo og Kart, desse blir gjort tilgjengeleg inn mot turneringsstart.