Premiekort 2024!

Alle spelarane som deltek på Lerum Cup 2024 i klassane 10-14 år får eit premiekort med gratis billett til ulike aktivitetar og fritidstilbod i Sogndal! Premiekortet består av 4 enkeltbillettar, og kan berre nyttast av spelaren som mottek dette. Her kjem ei oversikt over dei ulike aktivitetane:

Slik ser premiekortet ut!

Slik ser premiekortet til Lerum Cup 2024 ut!

Gratis billett til vitemeir - Vitensenteret i Sogn!

Vitemeir ligg på Kaupanger og er ein flott stad for læring, utforsking, leik og morro. Vitemeir har mykje spennande å tilby for både små og store, og her kan ein ta med heile familien på ein kjekk og innhaldsrik dag! Gåvekortet er gyldig frå 28.06.24-31.05.25. For å nytte kortet skriv ein inn namnet på spelaren og laget spelaren representerer. Ein leverer kortet ved ankomst i resepsjonen på vitemeir for å ta kortet i bruk.

Les meir om vitemeir her!

Gratis kampbillett til ein av Sogndal Fotball sine heimekampar!

Dette kortet gir spelaren gratis kampbillett til ein av Sogndal sine heimekampar. Det kan brukast på alle heimekampar i perioden 28.06.24-31.05.25. Her får ein moglegheit til å sjå norsk toppfotball på ein av landets finaste fotballstadionar. Heile familien kan reise på kamp saman, og oppleve ein spennande og fartsfylt fotballkamp. For å nytte kortet skriv ein inn namnet på spelaren og laget spelaren representerer. Kortet kan leverast i billettluka i bytte mot kampbillett. STAO NO PAO!

Les meir om Sogndal Fotball her!

Gratis dagskort i Sogndal Skisenter Hodlekve!

Sogndal Skisenter Hodlekve ligg berre ein 15 minuttar lang køyretur frå Sogndal sentrum. Her finn ein flotte skiløyper i fantastisk natur, og nydelege forhold for vinteridrett. Har du ikkje ski? Ingen problem! Sogndal Skisenter tilbyr både skiutleige og skiskule slik at alle som vil har moglegheit til å stå på ski. Ta med familien på ein dag i Sogndal Skisenter! Gåvekortet er gyldig frå 28.06.24-31.05.25. For å nytte kortet skriv ein inn namnet på spelaren og laget spelaren representerer. Ein leverer kortet ved ankomst for å ta kortet i bruk.

Les meir om Sogndal Skisenter her!

Gratis bading i Lustrabadet!

Lustrabadet ligg i Gaupne, ca 30 minutt utanfor Sogndal sentrum. Lustrabadet er eit badeland for heile familien, og ein stad for mykje morro! Badelandet inneheld 2 ulike barnebasseng, sklier, 25 meter basseng, velværeavdeling med grotte, varmebasseng, badstover og utekulper. Her kan du nyte fontene, luftbobler, massasje- og motstraumsdyser med fantastisk utsikt til fjell og fossefall. Gåvekortet er gyldig frå 28.06.24-31.05.25. For å nytte kortet skriv ein inn namnet på spelaren og laget spelaren representerer. Ein leverer kortet ved ankomst for å ta kortet i bruk. Born under 12 år må ha med seg ein symjedyktig vaksen over 18 år.

Les meir om Lustrabadet her!

Me gler oss til å ta i mot rekordmange deltakarar under årets Lerum Cup!

Forrige
Forrige

Dommar på Lerum Cup? Sjekk dommaroppsettet!

Neste
Neste

Påmelding til Lerum Cup 2024 er opna