Lerum Cup 2019
Cupeventyret i Sogn!
Det skal handla om fotball desse dagane, men også samhald, hygge, sol og saft. Dei siste vekene har cupgeneral Mikkel Frodahl lagt kabal - ein logistikkabal. For det er storinnrykk i bygda når om lag 246 fotballag skal samlast. Overnatting- og kampoppsett er sendt ut på mail til alle deltakarar. Det same er reglement og annan praktisk informasjon.
Du kan også finne nyttig informasjon i Appen «Lerum Cup».
Stao No Pao-magasin
I samarbeid med Sogn Avis gir me ut Stao No Pao-magasinet. Dette vil bli distribuert til over 24.000 hustandar i Sogn og omegn. Ein kan forvente å få magasinet i posten torsdag 20. juni. Frå denne datoen vil også magasinet vere tilgjengeleg digitalt på Sogn Avis sine heimesider.
Stao No Pao-magasinet vil innehalde informasjon om klubben og bygda, samt praktisk informasjon om Lerumcup helga.
Stor aktivitet i Saftbygda denne helga
Denne helga er det aktivitet for alle og ein kvar, ikkje berre fotballspelarar. Det vert høve til å vere med på fleire ulike sosiale arrangement under cupen. Området "Leik og moro” på Kvåle vil vere ope gjennom heile helga. Her vil det vere stor aktivitet for små og store.
Lustrabadet er ope, og på laurdag held butikkane i Sogndal nattope.
Sogndal Kulturhus har og sett opp eit godt kinoprogram. Deltakarar på Lerumcup får kinobillett for berre kr 60,- Sjå kinoprogrammet her
OBOSligaen: Sogndal - Skeid
Søndag 23. juni spelar Sogndal kamp mot Skeid kl.18:00.
Ta med deg familien og skap god stemning på Fosshaugane.
Kjøp din kampbillett her
Program
21.06 Fredag
09-22:00 TIVOLI I SENTRUM ER OPE
10-19:00 AMFI SOGNINGEN OG FLEIRE BUTIKKAR I SENTRUM ER OPE
15-20:00 INTERSPORT TELT I SENTRUM ER OPE
18-23:00 INNSJEKK FOR LERUMCUP-DELTAKARAR I SOGNAHALLEN
19-23:00 KVELDSMAT I HØGSKULEKANTINA
22.06 LAURDAG
06:30-10:00 FRUKOST I HØGSKULEKANTINA
08-20:00 LERUM CUP-KAMPAR I SOGNDAL, HAFSLO OG KAUPANGER
09-22:00 TIVOLI I SENTRUM ER OPE
10-21:00 AMFI SOGNINGEN OG FLEIRE BUTIKKAR I SENTRUM HELD KVELDSOPE
10-21:00 INTERSPORT SITT SALSTELT ER OPE I SENTRUM
11-17:00 LEIK OG MORO PÅ KVÅLE
16-21:00 MIDDAG I HØGSKULEKANTINA: TACO
19-22:00 DISKOTEK FOR CUPDELTAKARAR PÅ SOHO (QUALITY HOTEL SOGNDAL)
23.06 SØNDAG
06:30-10:00 FRUKOST I HØGSKULEKANTINA
08-19:00 LERUM CUP-KAMPAR I SOGNDAL, HAFSLO OG KAUPANGE
09-17:00 TIVOLI I SENTRUMSPARKEN ER OPE
11-17:00 LEIK OG MORO PÅ KVÅLE
11-17:00 INTERSPORT SITT SALSTELT ER OPE I SENTRUM
12-16:00 AMFI SOGNINGEN OG FLEIRE BUTIKKAR HELD SØNDAGSOPE
16-21:00 MIDDAG I HØGSKULEKANTINA: LASANGE
20-22:00 OBOS-LIGAKAMP: SOGNDAL - SKEID — Kjøp din billett på sogndalfotball.no
24.06 MÅNDAG
06:30-10:00 FRUKOST I HØGSKULEKANTINA
08-18:00 LERUM CUP-KAMPAR I SOGNDAL, HAFSLO OG KAUPANGER
10-19:00 AMFI SOGNINGEN OG FLEIRE BUTIKKAR I SENTRUM ER OPE
10-15:00 INTERSPORT TELT I SENTRUM ER OPE
11-15:00 LEIK OG MORO PÅ KVÅLE
Spørsmål om cupen? Ta kontakt:
Telefon 57 62 90 90 (Kontortid kl.10-15)
E-post: lerumcup@sogndalfotball.no
Instagram: @lerumcup.fotball
Bruk buss under Lerum Cup
Hovedutgangspunktet for bussane er ved Ingafossen i Sogndal som ligg ved Sogndal Stadion. For dei som bur på Kaupanger: for tider utenom direktebuss, må de nytte bussar og overgang via Sogndal. Sjå rutetabell.
Bussane stoppar elles ved desse overnattingsstadane: Gravensteinsgata Sogndal Sentrum, Sogndal Folkehøgskule (Vandrarheimen), Hafslo sentrum, og Vesterland.
All transport med bussane er gratis for dei med deltakarkort.
Me oppmodar alle lag om å vere ute i god tid. Dette gjeld særskild lag som skal flytte seg frå ein arena til ein annan.
Gode tilbod i SogndalBui
SogndalBui har kampanje på alle typar supportarsjerf under Lerumcuphelga. Pris: kr 199,-
I tillegg dumper me prisene på den blå 3. drakta til berre 450kr!
(NB! Desse draktene fås kun kjøpt i salbod på Kvåle Stadion)
Kjøp i vår nettbutikk eller gå innom butikken i 0.etg på Fosshaugane Campus eller salsboda på Kvåle Stadion.
Last ned Lerum Cup Appen
Lerum Cup-appen er ein lett måte å få informasjon under cuppen. Her finn du programmet, kart, bussruter, bileter og mykje anne. Last den ned og ha alt du treng i bukselomma. Den er tilgjengleg på både iPhone og android.
Last den ned her !
Innsjekk
No nærmar det seg Lerum Cup 2019. Det heile startar med innsjekk i Sognahallen på fredag frå 18:00 til 23:00. Her vil de få utdelt cupposar til laget ditt. I desse finn de Deltakarkort (A/B/F), T-skjorter, Stao no pao-magasinet, informasjon om underhaldning- og restauranttilbod, Lerumsaft og anna.
Matkort
Under innsjekken kan laget eller enkeltpersonar kjøpe seg matkort for helga. Ein kan kjøpe kort for heile helga eller for enkeltmåltid.
Prisar:
Vaksen 200,-
Frukost 100,-
Parkering
Når de kjem til Sogndal for innsjekk er det fleire parkeringsplassar de kan nytte. Ingafossen og parkeringskjellaren på Fosshaugane Campus er i umiddelbar nærheit til Sognahallen. I tillegg finn du eit parkeringshus under studenboligane på andre sida av elva frå hallen, og nokre parkeringsplassar mellom Sogndal VGS og svømmebassenget. (Sjå kart)
Lurt å pakke med seg på cup
Fotballutstyr:
– Fotballsko
– Leggskinn
– Shorts
– Strømper
– Keeperhansker til keeper
– Drakt
– Treningsdress
– Drikkeflaske
– Ekstra treningsklær
– Bag/tursekk til å ha med på arenaene
- Sportstape
Til overnatting:
– Liggunderlag/madrass
– Sovepose
– Pute
Fritid:
- Håndklær
– Tannbørste/tannkrem
– Antibac
– Lett jakke
– Plastpose til skittentøy
– Allergimedisin
– Regntøy
– Såpe/shampo
– Solkrem
– Joggesko
– Undertøy
– Slippers/innesko
– Sokker
– T-skjorter
– Shorts
– Badetøy
– Bukser etter behov
– Gensere/skjorter etter behov
– Mobiltelefon og lader
– Lommepenger til eget forbruk
– Kortstokk / reisespill
Sjå A-laget trene
Laurdag kl.10:30-11:30 kan du sjå A-laget vårt trene på Fosshaugane Campus.
Dette er ei open trening dere både cupdeltakarar og lagleiarar er velkomne.
Me ber tilskodarar halde seg på tribuna, og at lagleiarar og andre vaksne tek ansvar for at ingen born oppheld seg på grasmatta i dette tidsrommet.
Velkomen skal de vere.
Intersport sine tilbod under Lerum Cup
Intersport har salstelt utanfor butikken på AMFI Sogningen.
Velkomen til ein god handel
OPNINGSTIDER:
FREDAG 15-20
LAURDAG 10-21
SØNDAG 11-17
MÅNDAG 10-15
Kino på Sogndal Kulturhus
Dersom laget ditt og du treng ein pause under årets Lerumcup kan kino vere den perfekte løysinga.
Sogndal Kulturhus har sett saman eit flott kinoprogram gjennom heile helga.
Lerumcupdeltakarar betalar berre kr 60,- for kinobilletten.
Sjå programmet under:
21. juni 2019
18:00 Kjæledyrenes hemmelige liv 2 (Norsk tale)
18:15 Tolkien
18:30 Pokémon: Detective Pikachu
20:15 Men in Black: International
20:45 Booksmart
21:00 Rutete Ninja
22:45 John Wick: Chapter 3
22. juni 2019
13:00 Aladdin (Norsk tale)
13:15 Kjæledyrenes hemmelige liv 2 (Norsk tale)
13:30 UglyDolls
15:15 Men in Black: International
15:30 Rutete Ninja
15:45 Pokémon: Detective Pikachu
17:30 Booksmart
18:00 X-Men: Dark Phoenix
18:15 Kjæledyrenes hemmelige liv 2, (Norsk tale)
20:00 Godzilla: King of the Monsters
20:15 Men in Black: International
20:30 Rutete Ninja
23. juni 2019
13:00 Aladdin (Norsk tale)
13:15 Pokémon: Detective Pikachu
13:30 Kjæledyrenes hemmelige liv 2 ( Norsk tale)
15:30 Men in Black: International
15:35 X-Men: Dark Phoenix
15:45 Rutete Ninja